«Elsk lyset – gjør Kristus synlig»

– Den gode bodskapen til oss er tydeleg: Lyset er kome til verda. Gud gjev oss nytt liv, sa domprost Ragnhild Jepsen i sin preken i Trondheim Metodistkirke søndag 11. mars. – Utfordringa til oss er: Tru på lyset! Elsk lyset! Gjer Kristus synleg mellom oss, oppfordret hun.

trhumc-faste'18-4Jepsen satt i Mellomkirkelig Råd da samarbeidsavtalen mellom Den norske kirke og Metodistkirken, «Nådens fellesskap», ble undertegnet i 1997. Hun demonstrerte avtalens fortsatte gyldighet da hun fjerde søndag i fastetiden både prekte og forrettet nattverd i Metodistkirken.

Tru på lyset!

– Det er midt i fastetida, om tre veker frå i dag er det første påskedag. Og liksom dagane stadig vert lysare, har denne dagen eit lysare preg enn dei andre søndagane som leier fram til påske. ”Laetare” er det gamle namnet på dagen; ”Gled dykk med Jerusalem, og jubla over henne”, – slik vart gudstenestelyden helsa frå gammalt av, fortalte Jepsen.

– Og den gode bodskapen til oss er tydeleg: Lyset er kome til verda. Gud gjev oss nytt liv. Utfordringa til oss er: Tru på lyset! Elsk lyset! Gjer Kristus synleg mellom oss!», understreket hun i sin preken hvor tekstgrunnlaget var fortellingen om kopperslangen i 4. Mosebok 21:4-9, og Johannesevangeliet 3:14-21.

Jepsen forkynte et klart, «enkelt» og likefullt utfordrende budskap som berørte, engasjerte og nådde fram. Ja, det må være lov å si det slik, responsen peker i alle fall entydig på det, at det ble et «velsignet møte» mellom domprosten og trondheimsmetodistene.

Og da hun senere i gudstjenesten vakkert messet innstiftelsesordene (første gang de er sunget i Trondheim Metodistkirke?) for nattverden, var det som en manifestasjon av omkvedet på gudstjenestens avslutningssalme:

«För himmelens portar har öppnats

och ljuset från himmelen strålar hit ner.

I världen har mörkret skingrats och änglaskarorna ler»

 

3:16 ingen isolert sannhet

trhumc-faste'18-2– Å følgje Jesus inneber å stå saman med vår bror og syster som lid som følgje av ulukke, vondskap eller urett. Å vere med dei som har lagt ut på farefulle reiser for å finne redning. Vi skal ikkje forbanne dei som vil oss vondt. Vi skal ikkje forbanne det som er vondt. Men vi skal møte det med det lyset som vil godt, sa domprosten på sin praktfulle hallingdals-dialekt.

Jepsen minnet om at evangelieteksten , inkludert «den lille bibel», Johannes 3:16, står i en sammenheng. Det er en del av Jesu svar på spørsmålene Nikodemus kom til ham med om natten. Jesus hadde sagt at han måtte bli født på nytt, og Nikodemus syntes det var vanskelig å se for seg hvordan det skulle skje.

– Ein del av svaret har gått inn i vår tru og tradisjon som «Den vesle bibel», det heilt sentrale i vår kristentru. Om vi ikkje hugsar så mange bibelord, så hugsar vi i alle fall det: For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Korset – trua – livet. Tre sentrale delar av vår kristentru, sa Jepsen.

Når vi har lært «Den vesle bibel,  kan vi kanskje få forståinga av at den kan isolerastsom ei sanning som ikkje treng noko anna kontekst eller forståingsramme. Så er det då også dei som vil kritisere at det eine bibelverset har fått ein slik sentral posisjon. Dei vil seie at det er ein tekst som like mykje har forsvara å forkynne fortaping og evig pine, heller enn livet vi skal få leve i lyset med Kristus. Men Den vesle bibel, som del av det større svaret Jesus gjev Nikodemus, viser oss den store samanhengen, understreket Jepsen:

– Den som har forfatta denne teksten har verkeleg hatt som mål å vise oss den store forteljinga vi er sett inn i, både Nikodemus og alle vi andre som les og trur.

Difor taler Jesus om Moses og Israelsfolket i øydemarka, ein heilt sentral del av jødane si historie, og historie som Nikodemus og dei andre skriftlærde hadde som den viktigaste referansen i både sitt kulturelle og religiøse liv, sa hun.

– Men også vi som ikkje deler den same referansen kjenner aktualiteten i Jesu svar – her og no, fortsatte hun: «Den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»

Kjærlighetshistorie

trhumc-faste'18-5Jepsen så historien om kopperslangen som «ei fortetting av heile Det gamle testamentets forteljingar om tilhøvet mellom Gud og menneske: Gud elskar sitt folk. Gud gjev eit løfte til dei, og folket gjev løfter til Gud. Så bryt folket løftene sine, og Gud sender straff.

Slik går det ei tid, før folket igjen vender seg til Gud og straffa blir stansa. Det er som ei lang kjærleikshistorie. Men det seier seg sjølv at slik kan det ikkje halde fram. Korkje for Gud eller menneske. I forteljinga om slangane kjem løysinga i at Moses av Gud får i oppgåve å lage ein slange av kopar, ei slags erstatning for dei giftige slangane som vil død og ulukke. Slangen blir halde opp framfor dei som ei redning. Og den som ser på den, skal leve. Enda ein gong reddar Gud sitt folk.

Moses var på mange måtar ein politisk leiar – ein som skulle samle eit folk og leie dei mot eit mål. Og til sjuande og sist trudde nok det eigenrådige folket han skulle leie, på han. Dei stolte på at han ville hjelpe dei.

Jesus er ingen politikar, sjølv om orda hans ved mange høve kunne gå inn i historia som god retorikk. For eksempel dei orda som forfattaren har teke inn som Jesu svar til Nikodemus: Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han.

Kvar er det vi kan løfte blikket vårt i denne tida? Jo, det er opp på korset. Opp på redningsmannen. Den som ser han, skal leve.

Slik blir det opna for oss å tru. – Å tru at når Jesus blir lyfta opp på korset, så er det for at vi skal få leve, så er det for at vi skal sleppe unna forbanningane, dei som vi har lagt på oss sjølve og kvarandre. Når vi ser opp på korset, på den sundrivne kroppen, blir vi frelst. Vi får ta imot det nye livet.

Det er ikkje den strålande koparslangen vi ser på korset. Vi ser den øydelagde kroppen som blir til liv og redning. Det er den som reddar oss frå våre forbanningar. Det er i det som er sundbrote og øydelagd at vi kjenner Kristus att mellom oss.  «Hald dykk nær til meg», seier Jesus, «så skal de få næring og krefter til oppgåva – lik mannaen Israelsfolket fekk frå himmelen.»

Mot, frihet, nåde, trygghet

– Det er alltid utfordrande å høyre at det er han som blir fornedra og døyr på korset, som er den som blir til liv for oss. At det er i dødens mørke verda igjen skal finne lyset. Og at det er i det som er forbanna, at velsigninga skal skje.

– Det levande brødet, den øydelagde kroppen  – det vi treng for å leve – vert ikkje gjeve som belønning for gode gjerningar eller eigne prestasjonar. Vi finn det enkelt og stille i Evangeliet om Jesus, slik Nikodemus fekk møte det i morgonlysninga saman med Meistaren. Nikodemus fekk eit svar av Jesus som nok gjorde at han måtte grunne enda meir på det han lurte på. Kvar skulle han leite etter svar?

– Kvar skal vi leite?, spurte Jepsen. – Det er i Ordet og i dei heilage gåvene; dåpen og nattverden vi må leite. For den som leitar, ho skal finne den krafta som gjev mot til å tru; fridom til å leve; nåde til å elske; trygghet til å døy.

– Lyset vi skal få ta i mot og tru på. Brødet vi har mellom hendene. Jesus som velsignar oss. Fellesskapet mellom oss. Det vi deler med vår neste; det er tilstrekkeleg, avsluttet domprost Ragnhild Jepsen sin preken.

Takako Ueno bidro til en god gudstjenesteopplevelse med sitt fine orgelspill. Gudstjenesten var planlagt og ble ledet av Ole-Einar Andersen.

trhumc-faste'18-1

( Vi takker også Ragnhild Jepsen for å stille sitt manuskript

til disposisjon for dette prekensammendraget )